Hovedside

Nyhetsarkiv

Om Korpset

Sesongplan

Medlemmer

Øvingslokale

Gjestebok

Linker

Spilleoppdrag

Kontakt

Grasrotandelen

Støttemedlem

Brukernavn

Passord

Husk meg


Glemt passord?

Webmaster:
Dan-Espen Reinfjord

Akkurat nå besøker 3 anonyme brukere haukasmusikklag.no

Home > Announcements

Grasrotandelen

Vil du gi din støtte til Haukås Musikklag?
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velge eitt lag eller éin forening som du ønskjer å støtte - din Grasrotmottakar. Vi oppfordrar deg til å støtte oss i Haukås Musikklag!


Tenk deg at du kan spele favorittspela dine - Lotto, Tipping og Joker for eksempel - og samtidig gi noko meir til Haukås Musikklag. Dette er no mogeleg via Grasrotandelen. Ved spel hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til Haukås Musikklag (gjeld ikkje Extra og Flax) dersom du knyt deg til Grasrotandelen. Merk at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje belasta noko for å vere grasrotgivar. Du treng Norsk Tipping Spelarkort for å knyte deg til Grasrotandelen. Spelarkort får du kjøpt hjå kommisjonær, eller du kan bestille det på norsk-tipping.no



Vi oppfordrar deg til å knyte deg til ordninga allereie i dag, og du gjer det på ein av følgjande måtar:

1. Hjå Kommisjonær: Ta med deg strekkoden og ditt spelarkort til ein av Norsk Tippings mange kommisjonærar.

2. SMS: Skriv GRASROTANDELEN 971352825 til 2020 (tenesta er gratis).

3. Internett: Logg inn på norsk-tipping.no. Under ”Min side” klikkar du ”Grasrotandelen”. Skriv inn 971 352 825 og trykk ”Registrer tilknyting”.

4. Norsk Tipping Mobilspill.


For å laste ned informasjonsbrosjyre klikk her.
Meir informasjon finn du òg på grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med på kor mye Grasrotandelane genererar for de enkelte Grasrotmottakarane.

Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!