
Sandnes Skulemusikk med dirigent Camilla S. Tveit hadde gjort ein imponerande innsats på Hordablæsten berre eit par dagar før konserten; ein flott tredjeplass i andre divisjon. I tillegg fekk dei fleire bra ensemble- og solistresultat. På konserten fekk vi høyre eit utdrag frå programmet deira frå konkurransen. Vi fekk mellom anna høyre Swedish March (Gregson), Prayer of Thanksgiving (Himes) og Spring Humoreske (Ball).

Etter pausen var det Haukås Musikklag som satt klar til dyst. Musikklaget presenterte eit light program, med musikk for dei fleste smakar. Alt frå den tradisjonelle marsjen Centaur (Broadbent), til dei latinske rytmane i Malaguena (Freeh), til barokkmusikk med stykket Music from the Elizabethan Court (Howarth).
Som avslutning på konserten framførte Haukås Musikklag og Sandnes Skulemusikk fellesnummeret Circle of Life frå filmen Løvenes konge.